Dei fleste andre begynte sin fieldwork her i Dhaka på tysdag. Men på grunn av sjukdom og energimangel som ein følgje av det, har ikkje eg klart å komme meg ut før i dag.
For dei som ikkje har fått det med seg der heime går ”fieldwork”-oppgåva vår ut på å lage ein bildehistorie.
Gruppa mi hadde i utgangspunktet bestemt oss for å jobbe med nokon som smelter metall og lager statuer og liknande.
Men som dei fleste andre gruppene, så ombestemte gruppa mi seg også. Det nye temaet var ”rich people og Dhaka”, eit spennande tema i grunn. Men veldig vanskeleg, etter to dagar hadde halve gruppa bestemt seg for å jobbe i eit buddhisttempel i stadenfor.
Etter å ha vore ute på onsdag for å prøve å ta nokre bilde i den rikare delen av byen, for så å komme heim igjen utan motivasjon bestemte eg meg for å kutte ut dette prosjektet.
For å gi ein peikepinn på kor motivasjonen min låg, så kan eg sei at eg hadde bestemt meg for å ikkje ta i eit kamera resten av mitt liv. Og i vert fall ikkje gjere ”fielwork”-oppgåva.
Men er det noko eg har lært av livet så langt, så er det aldri lurt å sei aldri. I går, på laurdag, eg endeleg var begynt å få igjen litt energi bestemte eg meg for å prøve igjen. Denne gangen aleine, og med noko eg kan, nemlig sport. Så eg spurde meg litt fram og fekk litt hjelp frå gruppa mi, og kom fram til at eg kan prøve å ta noko bilde av ungdom som spiller cricket i nabolaget. Og viss eg jobba frå klokka 6 til 9-10 om morgonen så ville det ikkje vere så veldig varmt heller.
Så i dag tidleg var eg ute i nokre timer, og fekk nokre bilde eg er ganske godt fornøgd med.
2 kommentarer:
Flott, Flott, Sondre! Dette var virkeleg flott og lese! Du er held ut i varmen! Så slapp av, ta dagane med ro, så kjem du deg nok fort att! Hugs, varmen er ikkje en fiende, men ein ven, du må berre ta på deg ein tettsittande drakt, og ingenting anna, så strøm nok lufta til der den trengs, skal du sjå. Eg og søstri di gler oss til å høyre meir frå deg!
Hei Sondre! jøsses så mye gøy dere driver med. Virkelig spennende for oss her hjemme å lese! Det er jo varmt når man kommer nedover i verden, men er det ikke litt spennende også da Sondre? Oppleve nye levemåter og kulturer? Har du forresten husket å ta mallariatablettene dine? Og du glemte helt den fotkremen mot fotsopp jeg sendte til deg! Setter over litt penger på kontoen din sånn at du får kjøpt deg en ny der nede, og kanskje en fotdeoderant også, jeg vet jo at du blir litt irritert når du blir svett på føttene dine. Ellers får du bare kose deg videre. Her hjemme er vi kjempe stolte! og takk til deg ivar som tar med gullungen vår på tur!
Legg inn en kommentar