mandag 24. november 2008

Norsk

I går kveld var me nordmenn invitert, saman med leiinga på Patchala, til den norske ambassaden på middag.

Riktig nok var me ikkje på ambassaden, men heima hos ei som jobbar der. I tillegg til oss ti og fire frå Patchala, så kom andre som jobba på ambassaden samt ei gruppe andre nordmenn som er her i samanheng med oppsettinga av Per Gynt. 

Det heile byrjar med det vanlige tørrpratet om økonomi og politikk og sånn. Men det blir fort brutt av stormane jubel frå 9 norske studentar pluss lærer når me blir fortalt at det blir servert kjøttkaker i brun saus (eg tykkjer det er verd å nemne at det er Ivar som har mast mest etter pommes frites og Burger King…)

Til dessert vart me servert ei ganske god (faktisk) bløtkake og for fyrste gong på tre veker vart me servert skikkeleg kaffi (den norske ambassaden for tilsendt kaffi frå Noreg) , litt skuffa over at den vart servert i verdas minste kopp. Men det for stå til
Kvelden avsluttes med diskusjon om franske ostar og rakafisk. Og ein diskusjon om korleis neste workshop skal gjennomførast, detaljane her passer seg dårleg på bloggen til ein kristen folkehøgskule.

Ingen kommentarer: