Sjølv om nokre av oss har brukt større deler av opphalde i ei seng og sett på dei kvite veggane på hotellrommet. Så har me da opplevd noko. I går skulle Bijoy (ein på gruppa mi) ut å vise nokre gode plasser for meg å ta bilde med tanke på den nye oppgåva mi(Cricket). Og Hanna vart med, svolten på å få oppleve utsida av hotellet igjen.
Etterpå skulle Bijoy ta bilde på ein konsert, og me tenkte at me i vert fall kunne sjå kva dette var for noko.
Når me kom fram vart me litt skeptisk. Det var ganske mykje folk der, umogeleg å sei kor mange som kom til slutt, eg vil tippe ein plass mellom 2000 og 10 000 menneskjer. Men Bijoy forsikra oss om at alt var trygt.
Og våre sitteplassar var ingen andre stader enn på scena. Litt bak vel og merke, ikkje midt i spotlightet, men like mykje på scena saman med dei andre artistane. Ein oppleving.
Det som overraska meg mest var kanskje at scenekulturen er litt annleis her enn i Noreg. Det var til tider fleire fotografer enn artistar på scena blits var også sjølvsagt lov, men det såg ikkje ut til å bry nokon.
Elles var det mykje variert musikk, ikkje at verken eg eller Hanna forstod så mykje eg teksten, da alt skjedde på Bangla, men gøy var det.
- Sondre
1 kommentar:
Ein oppleving å få lese! Du får virkeleg med det det som skjer, sjøl om du er pjusk og ikkje heilt god i kroppen. Det likar eg. Ha motet oppe, så får du nok masse igjen for dagane fremover. Eit tips før eg runder av, ta deg tid til å vere Sondre innimellom slagi også.. Flott, flott!
Legg inn en kommentar